lørdag 19. juni 2010

Berre eit sjølvmål

Fotball-VM i 94,
vart spelt i USA,
ein brukbar mesterskap,
men ikkje alt gjekk like bra.
Norge sleppte inn mål,
me vart skuffa, eg og far,
og då Colombia sleppte inn eit,
skaut dei Andreas Escobar.

Stakkars Escobar,
han var ein gasta kar,
berre synd han laga sjølvmål
og stakk innom på ein bar.
Ein plass nedi Colombia,
dei hadde nattklubb og ein bar,
og utanfor på gata
låg ein blodig Escobar.

Det er tøft å vera keeper
når ballen er så hard,
og hardt var også skotet
som trefte Escobar.
Sjå Escobar i vegen,
sjå skallen med eit hål,
fordi han sette ballen
inn i eige mål.

Så når du lagar sjølvmål,
då må du vera vár,
spring heim igjen til stova,
spring heim igjen til far.
Men har du ikkje far,
har eg kun eit svar,
er du frå Colombia,
ikkje gå på bar.

Jon Hjørnevik

2 kommentarer:

Hanne sa...

Lovleg lenge sidan du har oppdatert, Espen:)

sydney pest control sa...

I truly love your website.. Pleasant colors & theme. Thank you!

----------------------
termite inspection sydney | termite control sydney | sydney termite control